Forfølgde kristne har mykje å lære sine trussysken i den frie verda. I dagens program deler Olaug Lilian Bjørke ein lærdom fra den forfølgde kyrkje som går på dette med å ikkje frykte. Du får blant anna eit møte med Broder Michael* frå Egypt, som utfordrar kristne i Vesten til å legge frå seg fryktens lenker og stole på Gud. I andre halvdel av programmet går vi til GT og dveler ved historia om Daniels vener i ildovnen. Desse tre modige mennene frykta Gud meir enn menneske, og stod fast på si overtyding sjølv i møte med press og forfølging. Den skotske forkynnaren Oswald Chamber uttalte følgjande:  «Det bemerkelsesverdige med gudsfrykta er at du, når du fryktar Gud, ikkje fryktar for noko anna. Dersom du, på den andre sida ikkje fryktar Gud, fryktar du for alt anna.» I programmet får du elles høyre Marte og Ole Kristian Sameien som syng «Ver ikkje redd!»