I dette programmet tek Olaug Lillian Bjørke deg med til byrjinga av Åpne Dører. Du får høyre den spennende historia om korleis Broder Andreas frå Nederland på midten av 1950-talet fekk kallet til å reise «Med Guds ord gjennom jernteppet». Visste du at det heile starta på ein stor, kommunistisk ungdomskonferanse i Warszava? Det vart Broder Andreas si første reise med Ordet gjennom stengte grenser – og sidan har Åpne Dører halde fram med dette! Gud har åpna dører inn til nokre av verdas mest lukka land, og kvart år vert det delt ut 2,5 millionar biblar og kristne bøker. I andre halvdel av programmet får du høyre om Åpne Dørers 7 kjerneverdiar. Dei er ufråvikelege, og Åpne Dører byggjer alt sitt virke på desse verdiane. Det var Broder Andreas og hans tre nære medarbeidarar; Sealy Yates, Derrick Stone og Johan Companjen som nedfelte desse verdiane for om lag 10 år sidan. Ein av verdiane lyder: «Vi er eit bibelfolk», og i dagens program får du høyre Reflex synge «Ditt ord». For å lese meir om Åpne Dørers kjerneverdiar, besøk gjerne nettsida https://www.opendoors.no/om-aapne-doerer/kjerneverdier-og-trosgrunnlag