Årets TV-aksjon på NRK går til Plan International Norge sitt arbeid med å få slutt på barneekteskap i dei landa der problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger. Kvart tredje sekund blir ei jente gifta bort ein stad i verda. Konsekvensane av barneekteskap er store både for jentene som blir gifta bort, men også for deira born og samfunnet dei lever i.
Radio Sunnmøre har tatt ein prat med Ulla Hay, fylkesaksjonsleiar i Møre & Romsdal, om årets aksjon. Vi får høyre meir om årets fokus for aksjonen, og om korleis den skal gjennomførast søndag 24.oktober.