På grunn av auka koronasmitte på Sunnmøre, har hovudkomiteen for messa (som på vegne av eit frivilleg maskineri på fleire titals personar) bestemt at årets Radiomesse ikkje kan gå som vanleg i frå hallen på Ålesund folkehøgskule.

Inntekta av den årlege radiomessa til Radio Sunnmøre er særs viktig for drifta av radioarbeidet, i tillegg har det sosiale og engasjementet for denne årelege dagen hatt stor betydning for radioen, dei frivillege og ikkje minst dei tilsette.

I år blir det annleis, som mykje anna. Årets Radiomesse vil gå digitalt FREDAG 6. NOVEMBER på Radio Sunnmøre sine sendingar på FM, DAB og internett. I tillegg vil vi sende noko på facebook. Vi kjem til å ha sal av lefser, bakst og basarbok, og sjølvsagt håpar vi at alle som vanlegvis hadde kome på denne fysiske årlege dagen vil støtte opp om årets Radiomesse med eit gåvebeløp i form av det ein vanlegvis hadde handla for i kafè, graut, lodd, tombola og handel. Det er eit frimodig spørsmål til alle våre trufaste støttespelarar, men eit uvanleg år og ein uvanleg situasjon gjer at vi må vere ekstra frimodige i år.

Vi vil sjølvsagt tilby spanande gjestar i våre sendingar denne fredagen 6. november, og håpar at DU vil fylgje oss også denne dagen. Tusen takk til alle som heier på Radio Sunnmøre:)