Fullsett hall frå start til slutt under årets Radiomesse på Ålesund folkehøgskole.

Den årlege Radiomessa til Radio Sunnmøre gjekk av med eit nytt rekordresultat på over 160 000 kroner, og smekkfull hall frå start til slutt, laurdag 2.november på Ålesund Folkehøgskule.

  • Det er både rørande og svært inspirerande å vere tilsett i Radio Sunnmøre, når ein kjenner støtta frå lyttarane på denne måten. Det var full hall frå vi opna dørene til vi stengde, og både stemninga på dagen og resultatet etter messa er berre heilt fantastisk, seier dagleg leiar i Radio Sunnmøre, Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

Laurdag 2.november gjekk den årlege Radiomessa av stabelen i hallen på Ålesund folkehøgskole, og det var ikkje lett å finne parkeringsplass om ein kom etter at messa hadde opna. Det var smekk fullt i hallen, og ein måtte fram med fleire stolrader for at folk skulle få plass.

  • Det er eit luksusproblem når det ikkje er sitteplassar nok, men gjennom dagen rulerte stolane til nye seter og det vart plass til alle. Det er nok rekord både på resultat i kroner og ører, men ikkje minst også i besøkande. På talet av brukte pappkoppar har det iallfall vore 400 menneske innom hallen denne dagen i stort og smått, legg dagleg leiar til.

Nytt rekordresultat

I år fekk Radiomessa eit nytt rekordresultat på over 160 000 kroner. Alt vart utselt av tombola og lodd, og matvarene reiste alt av. Lefsene var det sjølvsagt som hadde raskast bein, men det var både klippfisk å få kjøpe, handarbeid, og julekaker. I tillegg var det både kreps og hummer i gevinstar på lynlotteriet.

Tusenfryd barnekor opna messa med kjempflott og tydeleg song, og Giske mannskor avslutta saman med Johan Halsne som haldt ein appell.

  • Tusen hjarteleg takk til alle som har lagt ned fleire frivillege arbeidstimar for at også denne messa vart ein suksess, og takk til alle som har bidrege med gevinstar, og ikkje minst alle som var med på dagen og gjorde det gjennomførbart. Tusen takk til alle som kom, avsluttar dagleg leiar i Radio Sunnmøre med eit smil.