Figurar frå Fortnite, Among Us, Minecraft og My Little Pony er nokre av eksempla som dukkar opp i ulike sex-stillingar på Instagram og andre sosiale plattformer. Rundt 65 prosent i aldersgruppa 9-18 år brukar denne plattforma, og Barnevakten reagerer på at dette er så lett tilgjengeleg for barn. Vi har tatt ein prat med rådgivar i Barnevakten, Kris Munthe, for å høyre korleis dei har reagert på saka.