Barnevakten

Barnevakten er ein fri og sjølvstendig ideell stiftelse som formidlar fakta og råd om born, unge og medier.

Barnevaktens arbeid er forankra i FNs barnekonvensjon og har same verdigrunnlag som det barnehagar og skuler har i Noreg, dei bygger altså på ein kristen og humanistisk arv og tradisjon. Barnevakten støttar seg til relevant forskning og har brei erfaringsbasert kunnskap gjennom sin daglege kontakt med born, unge og vaksne. Kvar veke  tek Radio Sunnmøre ein prat med Barnevakten om ulike aktuelle saker, som kan vere informative, oppklarande og rett og slett nytt for mange. Dagleg leiar Leif Gunnar Vestbøstad Vik, spelrådgivar Kris Munthe eller fagleg leiar Kjellaug Tonheim Tønnesen vert intervjua ein gong i veka.