Kvar kveld i våre kveldssendingar kl.2100 vil Radio Sunnmøre sende møtesendingar. Det blir talar, song og bøn. Du er hjarteleg velkomen til å vere med saman med oss i desse sendingane.

Saman i bøn

Koronaviruset gjer at det er mykje som ikkje er normalt i samfunnet vårt akkurat no. Mange er engstelege både for helsesituasjonen, arbeidsplassen, familie og vener, framtida, og mykje meir. Midt i det som er vanskeleg har Jesus bede oss om å kome til han i alle ting i bøn.

Gratis bønetelefon

Radio Sunnmøre har oppretta ein eigen gratis bønetelefon. Du kan sende inn dine bøneemner på SMS gjennom heile døgnet på tlf: 907 45 359.

For deg som synest det er vanskeleg å sende SMS og heller vil ringe, så kan du ringe inn ditt bøneemne måndag-fredag mellom kl. 0900-1000 og kl.2100-2200.

Alle bøneemne legg vi anonymt i ein tråd på våre facebooksider, slik at alle kan vere med å be saman der ein er. I tillegg vil vi ta desse med i nokre av våre sendingar.

SMS heile døgnet: 907 45 359

Ring inn bøneemne måndag-fredag mellom kl.0900-1000 og 2100-2200 på tlf: 907 45 359

Ver med å be også for Radio Sunnmøre, og støtt gjerne radioarbeidet på

kontonr: 3900.21.10311 eller VIPPS 72582.