Johan Halsne III

Johan Halsne, krinsleiar i Sunnmøre Indremisjon, er gjest i serien Tru i Kvardagen – Tru i Livet. Foto_Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

– Eg vaks opp i ein kristen heim, men då eg var rundt 11 år fekk eg nok. Då forlot eg det fram til eg vart 18 år gamal, fortel Johan Halsne i  serien Tru i Kvardagen – Tru i Livet.

Ein dag var Halsne ute og køyrde traktor som attenåring. Det var møteveke der han budde, og talarane var ute og gjekk tur då dei kom i snakk med Halsne og inviterte han til møta. Då han fekk spørsmål om han ville kome på møte hadde Halsne bestemt seg om at han skulle på møte den kvelden.

– Eg hadde bestemt meg for at eg den kvelden skulle bli ein kristen og at eg skulle på bedehuset, fortel Halsne.

Dragning mot Bibelen

Då han vart ein kristen fekk han ei stor dragning til å lese i Bibelen, og å finne ut meir om kva han trur på.

– Dette fekk ein konsekvens for mine prioriteringar vidare, seier Halsne i intervjuet.

Fram til 2005 arbeidde Johan Halsne i ulike yrker og samanhengar, og på fritida reiste han rundt som forkynner. I dag er Halsne krinsleiar i Sunnmøre Indremisjon.

Høyr heile intervjuet med Halsne her: