På Vigra har det dei siste åra skjedd ein vekst i det kristne arbeidet for alle aldre. Faste søndagssamlingar, Awana for barn og unge, og eit bibelgruppekonsept som fungerar.

Odd Kåre Naalsund trudde ikkje han skulle leie noko kristent arbeid, og no sender han annakvar veke ut studieopplegg til fleire bibelgrupper på Vigra med over 120 deltakarar til saman. Kvar bibelgruppe har ein leiar som mottek opplegget, og ein gong i halvåret inviterer Odd Kåre og kona Magnhild leiarane heim til seg for prate om erfaringar og lære av kvarandre.

Under årets leiarkonferanse til Indremisjonsforbundet på Straume Forum utanfor Bergen, tok Radio Sunnmøre ein prat med Naalsund om bibelgruppeopplegget som er starta på Vigra dei siste par åra.