I anledning jubileumsår arrangerer Radio Sunnmøre fleire turar i løpet av året. Allereie 1. mai går første tur av stabelen, og då på dagstur til Brattvåg.

På fridagen 1. mai arrangerer Radio Sunnmøre dagstur med buss, middag og flott konsert til Brattvåg. Det er turteamet til Radio Sunnmøre som arrangerer, og dei er og med på turen.

Program for dagen

Kl. 10.00 går går bussen frå Moa, med sightseeing på vegen til Brattvåg. I Brattvåg kjem lokalkjende på bussen, Gudrun Longva og Hilde Gjengedal, og tek ein med på ein liten sightseeing før ein køyrer til hotellet for ein betre middag. Litt fritid blir det også til å prate, og bli kjende med nye, før ein kl.17 reiser på bedehuset for ein flott konsert med Sunnmørsgutane og turteamet.

For heile dagen kjem ein pris på kr 450,- per person. For påmelding kontakt Radio Sunnmøre på tlf: 70154100 i kontortida.

Weekendtur til hausten

Til hausten, 3.-6. september, arrangerer turteamet ein weekendtur til Trondheim. Shopping, sightseeing og besøk i NRK står på programmet. Meir om dette får du etter kvart.

Høyr Gudrun Longva i turteamet fortelje meir om turen som arrangerast no 1. mai, og turen til Trondheim 3.-6 september.