Canada

Steinar Engeset vaks opp i Engesetdalen på Sunnmøre. I over 50 år har han budd i Halifax i Canada. Her har han vore med å utvikle fiskeriverksemda, mellom anna på kysten av New Foundland. I mange år var han også norsk konsul. Engeset har også eit stort engasjement for krigsseilarane og deira etterkomarar. Kvar tredje veke ringer vi i Radio Sunnmøre til Canada og tek ein prat med Steinar Engeset om både kvardagsliv og historiske hendingar i Nord-Amerika.