Seniorkonsulent i Åpne Dører gjev oss annakvar veke ei oppdatering på situasjonen for dei mange kristne rundt om i verda som vert forfulgte for si kristne tru. Denne gongen handlar samtalen med Arild Ove Halås om den teologiske begrunnelsen for at kristne vert forfulgt. Vi får også høyre om kristne i India og Pakistan som ikkje får handle, gå på skule eller får medisinsk hjelp fordi dei vil fylgje Jesus.