-Vi har alle ei sorg vi berer på, ikkje nødvendigvis for nokon som er dø, men for noko som vi saknar, seier Anne Nyvoll Furnes. Siste helga i mars skal Anne Nyvoll Furnes vere talar på kvinnehelga på Orreneset. Temaet for helga er «Den gode samtalen i sorg og glede», og Nyvoll Furnes har lang erfaring både innan sjelesorg, og dei seinare åra som tilsett ved Bibelskulen Bildøy.