Framleis slit folket på Madagaskar med konsekvensane etter dei store syklonane som ramma landet tidlegare i år. Men gassarane har ein eigen evne til å reise seg og gå vidare når dei opplever vanskelege tider. Ein av Johannne Leinebø sine medarbeidarar miste taket på huset sitt under syklonen. Men som han seier med eit stort smil, det går bra med hol i taket så lenge det ikkje regnar. Arbeidet med å omsetje stadig meir av Bibelen til så mange stammespråk som mogleg pågår for fullt trass dei mange utfordringane som naturkatastrofene medfører. Transforming true translation (forvandling gjennom oversettelse) er mottoet for bibelomsetjarane på Madagaskar.