Eit digitalt samlivskurs over sju kvelder, i regi av Lyngdal Frikirke, inviterer par til å bli med å sette fokus på eige samliv. – Vi heier på ekteskapet og på familien, og ynskjer å kunne vere med å bidra til at ekteskap styrkast, seier Kjerstin Lianes Kjøndal som saman med ektemannen Andreas er initiativtakera til dette samlivskurset.

Kurset har fått namnet 7 kvelder om å vere 2 og vil over sju kveldar gå gjennom tema som gjeld parforholdet. Tema om å kommunisere, bygge eit sterkt fundament, tilgivelse, eit godt sexliv og konflikthandtering, er noko av det ein vil sette fokus på desse sju kveldane. Kurset er digitalt, så ein vil kunne fylgje ein video heime i eiga stove, og der vil para sjølv få pauser i filmen til å kunne snakka saman om dei enkelte tema som blir satt opp.

Kurset er gratis, og ved påmelding til kurset vil ein få tilsendt ei lenke til zoom der kurset foregår. I tillegg vil ein få tilsendt dagens video på epost, slik at dersom noko skulle gjere at ein ikkje kan fylgje den aktuelle datoen så kan ein sjå videoen i ro og mak i etterkant.

For påmelding til kurset og meir informasjon kan du lese meir på Lyngdal Frikirke.