Gf2016_53

Anders Berglund sluttar som dirigent for koret Divisi etter fem år. Foto: Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

I fem år har Anders Berglund vore dirigent for Divisi, Indremisjonsforbundet sitt eige kor. I sommar hadde han sin siste konsert med Divisi på Sunnmøre, før han no sluttar som dirigent for koret og skal blant anna etter kvart gi ut si eiga plate med sjølvskrivne songar.

– Det blir ei plate med mykje eigenskrivne og komponerte songar, med tematikken Gud som far. Det er mykje i vår tid som stenger for bildet av Gud som Far. Så eg har hatt ein idè om å lage ei plate som kan opne litt opp igjen det bildet av Gud som en god og kjærleg far. Dette er eit prosjekt eg gjer saman med ein pianist frå Stavanger som heiter Ola Ohm, fortel Berglund.

Ringen er slutta

Når Anders Berglund no sluttar som dirigent for Divisi, blir det Jostein Myklebust som gjer comeback i koret. Berglund ser på det som at ringen er slutta, sidan Myklebust har dirigert koret tidligare.

– Det er Jostein Myklebust som hadde koret i mange år som kjem tilbake. For meg er det litt som at ringen er slutta på eit vis. Eg har opplevd i dei fem åra at koret er i Guds planer, seier Berglund.

– Så lenge det er Gud som er i botnen av det heile, så er det ikkje så farleg kven som til ein kvar tid er i Divisi. Så lenge Gud er i botnen og har ein plan for det heile, så vil koret gå vidare uansett om nokon kjem og går, det har eg tru på, legg Berglund til.

Anders Berglund dirigerte under sin siste konsert med koret Divisi, under generalforsamlinga til ImF på Borgund folkehøgskule i sommar. Foto: Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

Anders Berglund dirigerte under sin siste konsert med koret Divisi, under generalforsamlinga til ImF på Borgund folkehøgskule i sommar. Foto: Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

Koret høyrer til Indremisjonsforbundet og får god støtte frå organisasjonen. Dette har Berglund sett pris på.

– Det blir trist og skiljast frå dei, men hadde eg vore i toppen av ImF så hadde eg vore stolt av å ha eit slikt kor i organisasjonen. Og det er eg takknemleg for at vi har opplevd god støtte frå organisasjonen, avsluttar Berglund.

Høyr heile intervjuet med Anders Berglund her: