Laurdag 6. juni vert det Drive-In-Basar på 15 ulike bedehus på Sunnmøre, i regi av IMF Sunnmøre. På parkeringsplassane på dei ulike bedehusa vert det sal av lodd til inntekt for IMF Sunnmøre. I tillegg vert det quiz og Kims-leik (i bilen) og høve til å kjøpe kaffe/saft og noko godt å bite i. Alt innanfor gjeldande smittevernreglar.

Flotte gåvekort og gevinstar i lotteriet, i tillegg kan ein på sitt eige bilnummer vere med å vinne ein el-sykkel. Sjekk ut om ditt bedehus blir besøkt på imf-sunnmøre.no.