Sødal– De har den finaste dialekta eg veit om, så eg skal berre gå rundt og kose meg å høyre dykk snakke, seier Maria Arredondo om å kome til Sunnmøre til helga. Både Arredondo og Sødal gler seg til å kome til å halde konsertar fredag til søndag.

Arredondo og Sødal kjem opprinneleg frå Sørlandet. Til helga kjem dei til Sunnmøre for å halde konsert i Volda frikyrkje, Herøy frikyrkje og Sula frikyrkje. Dei har begge vakse opp i frikyrkjer i Vennesla og i Kristiansand, og dei er begge personleg kristne. Sjølv beskriv dei seg sjølv som artistar som er kristne, ikkje kristne artistar.

– Eg har alltid sett på mi tru som privat, fortel Arredondo, noko ho fortel har endra seg med tida.

Engasjert for barneheimar i Moldova

Ekteparet Arredondo og Sødal er svært engasjert i arbeid for barn på ulike barneheimar i Moldova, noko dei lett snakkar om i ulike samanhengar. Dette er eit hjarteprosjekt for ekteparet, som dei vil dele med sunnmøringane på dei ulika konsertane om det fell seg slik.

Prosjektkor

I dei ulike frikyrkjene på Sunnmøre vil ulike prosjektkor, kor og songarar vere med under konsertane. Dette ser både det sørlandske ekteparet fram til. Eit par timar før konsertane vert det generalprøve saman med dei lokale kreftene.

Torstein Sødal deltok i 2008 i Melodi Grand Prix, har gitt ut plate og har delteke på eindel julekonsertar og turnear saman med andre artistar.

Maria Arredondo har gitt ut fleire plater, delteke i Melodi Grand Prix i 2010, reist rundt i Noreg på turne med ulike artistar, og har også hatt hovudrolle i musikalen Sound of Music.