Visste du at songen «I have decided to follow Jesus» opprinneleg kjem frå India? I dette programmet får du høyre ei sterk historie knytta til denne songen; om ei indisk familie som betalte prisen for å følgje Jesus.

I Åpne Dører har vi fokus nettopp på India denne månaden. Fleire stadar i Noreg har menneske tent faklar og gått i tog for å vise støtte til indiske kristne søsken; og under «Søndag for forfulgte» lyfter vi fram deira situasjon og ber for dei.

65% av Indias befolkning bur i delstatar der det er forbod mot å konvertere frå hinduismen. Men å presse kristne til å vende tilbake til hinduismen; det er tillatt. Dette blir kalla «å kome heim». Målet for den hindufundamentalistiske bevegelsen er at India skal vere ein hindustat med éin religion: Hinduismen. For å vere ein ekte indar må ein også vere hindu. Som følge av dette lever mange under press og forfølgelse, og det blir stadig tøffare å vere ein kristen i India. Våre indiske kristne søsken treng difor våre bøner og vår omsorg.

Les meir om India under ressursane for «Søndag for forfulgte» på Åpne Dørers nettside