Det var 69 utsendingar møtte med røysterett under det ekstraordinære årsmøtet på Brusdalsheimen.

Styreleiar i Sunnmøre Indremisjon, Oddbjørn Brunstad, er nøgd med dei vedtaka som vart gjort under det ekstraordinære årsmøtet tysdag kveld.  Styret har no fått fullmakt til å selje Ålesund bedehus, og til å overta butikkverksemda til Johan R. Sunde.

-Når det gjeld Ålesund bedehus, så er det ei forsåvidt gamal sak som fleire har teke til ordet på årsmøtet tidlegare. Og at vi bør ta sikte på å avhende bedehuset til nokon som kan drive det betre. Saka om Johan R. Sunde er ei spanande sak der ingen veit så altfor mykje om korleis dette vil ta seg ut om ei fem-seks år. Men vi er trygge på at vi har gjort ei klokt val på å takke ja til dette gode tilbodet vi har fått om å overta drifta av denne verksemda, fortel Brunstad.

Av dei 69 utsendingane var det åtte som stemte i mot kjøp av butikkverksemda Johan R. Sunde. Kritiske spørsmål vart stilt til årsmøtet om kjøp av drifta og usikkerheita for at ei misjonsverksemd skal gjennomføre ei slik overtaking.

-Veldig greit med dei spørsmåla og usikkerheita som ligg bak dei. Kva vil dette krevje av oss, og vil det ta fokuset vekk i frå det vi skal halde på med når det gjeld å drive misjonsverksemd på Sunnmøre. Innebærer dette noko risiko som gjer at vi kan kome i uføre? Det er godt at spørsmåla er stilt. Eg trur tida vil vise at vi har gjort eit godt val, legg han til.

Eigarskifte vil skje ved nyåret, og styreleiar legg til at det skal gjerast ein grundig prosess med å finne ein god dagleg leiar.

Høyr intervjuet med Oddbjørn Brunstad HER.