I dette programmet er det fokus på Åpne Dørers reiseteneste. Den har vore eit kjenneteikn ved Åpne Dører heilt sidan starten på midten av 1950-talet. På ei av sine første reiser møtte Broder Andreas ein pastor som uttrykte følgjande: «Vi vil gjerne takke deg for at du er her. Sjølv om du ikkje hadde sagt eit ord, ville berre det å sjå deg, bety så mykje!»

Gjennom Åpne Dørers reiseteneste får vi møte forfulgte søsken ansikt til ansikt, og gjennom vårt nærvær bringer vi oppmuntring og nytt mot. Samtidig tek vi med oss noko dyrebart heim frå deira vitnesbyrd og liv. Mange uttrykker at å reise med Åpne Dører er livsforvandlande!

I mars tilbyr vi ein spennande tur til Egypt, og det er denne reisa som er i fokus i dagens program. Du får høyre eit intervju med vår dyktige reiseleiar Trond Kjartan Michaelsen. Han har vore i Egypt fleire gongar og kan varmt anbefale Bønne – og oppmuntringsturen frå 18.-26.mars. Når du reiser med Åpne Dører, reiser du ut med Guds kjærleik!

I programmet får du høyre Linda Kristin Hansens nydelege tolkning av «Kjærlighet fra Gud». Ønsker du meir informasjon om turen til Egypt, besøk Åpne Dørers nettside.