Denne veka er det Magne Arild Torgersen som har Ord til etteratanke på Radio Sunnmøre. Han bur på Sunnmøre og har vakse opp i Stavanger og delvis i Etiopia. Han er pensjonist og fritidsforkynnar. I andaktene denne veka delar Torgersen ei omsorg og ei naud for at at folk skal få eit møte med Jesus. Han delar i intervjuet om då han sjølv vart ein kristen.