Ei ny bølge med Covid-19 har kome over Thailand, og vaksineringa har starta. Ekteparet Lothe frå Ellingsøya er på andre året i Sjømannskyrkja på Pattaya i Thailand og har på grunn av korona ikkje fått kome heimatt på ei god stund. Dei ser fram til å få kome til Noreg på ferie og heim til sine nærmaste.

Sjømannskyrkja ynskjer å vere ei kyrkje på lette føter, ei kyrkje som snur seg fort om,  og det fortel Kristianne meir om i vekas intervju. Vi får høyre meir om korleis dagane plutseleg blir annleis enn ein fyrst hadde planlagt. Ho fortel og meir om hovudoppgåva deira som er å vere ei omsorgsfull kyrkje som ynskjer å bidra både til livsmeistring og det å bekrefte menneske sin verdi.

I serien Sjømannspresten tek vi denne veka ein prat med Kristianne Stendal Lothe, som saman med ektemannen Annstein Lothe arbeidar i Sjømannskyrkja på Pattaya i Thailand.