(f.v) Kristiane Hagelund og Emily Hanken Yksnøy er elevar ved Møre Ungdomsskule som denne veka har innsamling til eit humanitært prosjekt i Bolivia og Peru.

Denne veka har Møre Ungdomsskule fokuset på andre enn seg sjølv, det er veka for misjonsprosjekt der målet er eit humanitært prosjekt i Sør-Amerika. To av elevane har vore i studio og fortalt om både prosjektet og arbeidsveka. Vi har tatt ein prat med elevane Kristiane Hagelund og Emily Hanken Yksnøy.