Arne Tord Sveinall er instituttlektor på institutt for sjelesorg ved Modum bad, og førstelektor ved NLA Mediehøgskulen Gimlekollen. Foto_ Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

Arne Tord Sveinall er instituttlektor på institutt for sjelesorg ved Modum bad, og førstelektor ved NLA Mediehøgskulen Gimlekollen. Foto_ Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

Når ein er engasjert i kristent arbeid, anten frivillig eller løna, så kan ein ofte kjenne på det å vere sliten.

– Alle kan kjenne seg sliten etter ein har dag på jobben eller kva det måtte vere. Men å vere utmatta er ein litt meir komplisert affære, då skjønar ein kanskje ikkje alltid til kva som skjer, og det ligg ofte meir bak enn mengde. Mengde har med trøytthet å gjere, utmatta er litt meir komplisert, seier Sveinall.

I ei undersøking Institutt for sjelesorg ved Modum bad gjorde for ei tid tilbake blant kyrkjelege tilsette, så fann ein ut at det var forskjell på kva som gjorde unge slitne, og kva som gjorde eldre slitne.

– Ein har ulike innfallsvinklar til det å bli sliten eller utmatta. Det avhenger litt av alder, innstilling til det ein held på med og korleis dette blir forventa utført, fortel Sveinall.

-Dei yngre sleit ofte med samvittigheta. Heime har dei dårleg samvittighet for at dei ikkje er på jobb, og på jobb har dei dårleg samvittighet for at dei ikkje er heime med ektefelle og born.  Medan dei eldre sleit med sekundær traumatisering. Ein har over mange år vore tett på traumer og konflikter, og er fylt opp og vel så det, og det preger kanskje eldre medarbeidarar meir enn dei yngre, fortel Sveinall om nokre av resultata i frå undersøkinga.

Lov å vere sliten

På kva måte er det lov å kjenne seg sliten når ein held på med eit arbeid i ein kristen organisasjon, eller på eit lokalt bedehus.

-Nokon gongar i eit fellesskap må ein stille seg spørsmål om kva ideal ein har her. Er det ideal som slit oss ut, eller har vi ideal som lev i tradisjonen for at det alltid har vore slik…noko går i arv, ein held fram med eit køyr fordi kanskje foreldre eller besteforeldre har gjort det før, og så held ein fram utan å tenke seg så veldig godt om, seier Sveinall.

For å kome ut av denne sirkelen må ein kome på baksida av problemet.

– Alle kjenner på trøytthet, det har ei årsak med for mykje mengde. Når det gjeld å vere utmatteta er det litt meir komplisert. Då må ein kome litt på baksida og spør seg om det har noko med relasjoner å gjere, eller med ordet «burde», seier Sveinall.

Hjelpe kvarandre

For å hjelpe kvarandre til å ikkje bli slitne eller utmatta, så kan ein nokon gongar ta runder med kvarandre der ein høyrer korleis det går, og kanskje fordeler oppgåvene annleis.

– Kva trivest du med? Ein har nokon gongar oppgåver ein ikkje kler så godt, og så er det kanskje andre som ynskjer seg den oppgåva.

– Ein må hjelpe kvarandre å stille meir konstruktive spørsmål, legg Sveinall til. Han legg også til at det i nokre tilfelle kan vere lurt å ha tidsavgrensa oppgåver, som kan vere meir lystbetonte i mange samanhengar.

Kall og utrustning

Mange av dei som arbeidar i misjonen, eller er aktive på fritida i eit kristent arbeid, kjenner på eit kall til å gjere den oppgåva dei gjer. Spørsmålet er om ein ikkje lar seg sjølv kjenne på det å vere sliten, dersom ein på same tid kjenner på oppgåva som eit kall.

– Det blir feil om kallet kjem i konflikt med heilt alminnelege skaparordningar, som Gud har skapt og satt oss til, seier Sveinall.

– Eg trur i dei fleste tilfeller at det er samsvar mellom kall og dei uttrustningar Gud har gitt oss. Dersom ein lev i den tankegangen at det siste ein kan tenke seg er det Gud vil, då trur eg det er all god grunn til å ha ein del samtalar rundt dette, avsluttar Sveinall.