I Oxford var det byvandring rundt på stadane C. S. Lewis hadde ei tilknytning til. Foto:Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

Alle foto: Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

-Eg syntest det verka som ein veldig spesiell tur, og at det var ein tur eg ikkje burde gå glipp av, ein tur som var litt annleis enn dei andre turane, fortel Elin Sandåker Kvåle, som saman med to venninner var med på turen til Radio Sunnmøre og Si-Reiser i C. S. Lewis sine fotspor til Oxford og London.

Etter innhaldsrike dagar i Oxford og London, med undervisning om C. S. Lewis av forfattarar og journalistar som tek arva etter Lewis vidare, hadde deltakarane på turen fått mykje inspirasjon å bearebeide.

– Det var veldig spesielt å kome til Oxford og lære meir om C. S. Lewis. Det var akkurat som det opna seg ei ny verd, med alt frå bøker og til tankane C. S. Lewis hadde om tru og på måten han samtalte med folk på, fortel Kvåle.

– Eg trur eg har blitt meir bevisst på at når ein snakkar med folk i forhold til tru at ein ikkje berre sei det som er sanninga, men at ein kan stille litt meir spørsmål og få ein samtale istaden for å belære kvarandre, fortel Kvåle, som har blitt imponert over argumenta Lewis brukte i vegen frå ateisme til kristentru.

Byvandring i Oxford

Andreas Bakke var også ein av turdeltakarane. Og etter at byvandringa i Oxford var over, fekk Bakke fortelje litt om kva som har inspirert han.

– Det som har inspirert meg mest er kor viktig det er å forstå Gud som ein Skapar, ein som held verda oppe i dag, og ein Gud som ynskjer relasjon med oss for å sjå oss blomstre i endå større grad. Då kjem det fram at det beste livet vi kan ha, er eit liv der vi lev med Gud og Han får lov til å vere ein del av våre liv og påvirke oss, fortel Bakke.

LYTT TIL INTERVJUA FRÅ TUREN:

I løpet av første dagen tok Radio Sunnmøre ein prat med Unni Nøding frå Halden som var med på turen, og etter byvandring eit intervju med Andreas Bakke. Høyr intervjua med dei her:

Då vi kom til London, etter eit par dagar i Oxford, tok Radio Sunnmøre ein prat med turdeltakar Elin Sandaker Kvale i Londons bygater. Høyr intervjuet her:

Då gruppa var i kapellet i Magdalen College var der så god akustikk, at gruppa måtte synge ein song. Høyr smakebit her: