Mette Fausa er svært engasjert i Waldehuset i dag, både som forteljar, guide og under andre arrangement.

I helga var det stor markering av bybrannen i Ålesund, som hendte 23. januar 1904. Waldehuset er det einaste huset i Ålesund som overlevde bybrannen, og det med ei svært spesiell historie. Det var det einaste huset som vart spart for brannen, då alle husa rundt brant ned.

Vi har fått i studio Mette Fausa, som i dag er frivilleg på Waldehuset, og som fortel historia om engelen som kom til eigarane av Waldehuset og fortalde dei kva dei skulle gjere for å redde huset i frå brannen.

Oddveig Molnes har intervjua Mette Fausa: