Fakkeltog for forfulgte kristne kvinner

Helge Åkernes og Olaug Lillian Bjørke i Åpne Dører, saman med Håvard Sveås som har skrive ein eigen song til årets fakkeltog.

Med ein nyskreven låt av Håvard Sveås, vert det også i år arrangert fakkeltog av Åpne Dører i Ålesund. Temaet ein vil syne engasjement for i år er forfulgte kristne kvinner.

I anledning årets fakkeltog for forfulgte kristne kvinner, har Håvard Sveås laga ein heilt ny song som skal urframførast under samlinga i Ålesund kyrkje etter fakkeltoget. I tillegg blir Helen frå Eritrea med og fortel sin sterke historie. Radio Sunnmøre har intervjua Håvard Sveås, Helge Åkernes og Olaug Lillian Bjørke om songen, programmet og gjestane under årets fakkeltog onsdag 13. november. Du får også høyre songen i innslaget.