For tre månader sidan reiste familien Kiplesund frå Godøya til Kenya for å få ein timeout som familie. Dei vaksne har delteke på ein bibelskule, medan borna har gått på den norske skulen. TID er namnet på konseptet i regi av Misjonssambandet, og det er også meir tid med kvarandre som har vore fokuset for familien Kiplesund.

Safari, besøk i slummen og å få oppleve ein kultur med meir tid har vore nokre av opplevingane. 

Vi har tatt ein telefon til Andreas Kiplesund i Kenya for å høyre litt om korleis tre månader i eit heilt nytt land har vore.