Maria Celine og Sven Arne Lundeby har saman skrive andaktsboka for unge menn, Ferdig prestert.

Ferdig prestert heiter den nye andaktsboka for unge menn i alderen 15-25 år. Det er Sven Arne Lundeby som saman med kona Maria Celine Lundeby som har skrive andaktsboka. Tidlegare har Maria Celine laga ei andaktsbok for jenter med same tittel. Begge andaktsbøkene har 30 andakter der ein tenker at ein brukar ei veke på kvar av andaktene. I andaktsboka for unge menn er det ti av andaktene som er ulike frå den første andaktsboka, som er retta meir mot unge menn og meir eller mindre tabubelagte tema som alt frå porno, onani, gaming og gutteprat.

Høyr intervjuet med Sven Arne Lundeby HER.