Søndag kveld var det Radiokveld på Langevåg bedehus med fullt hus. God stemning, mykje latter og mykje gode kaker vart servert. Det heile starta med eit sunnmørsk kakebord, som det alltid gjerast på dette bedehuset når møtet startar kl. 1700. Alle fekk ete seg gode og mette på søte kaker og kaffi, før Turid Rødset opna samlinga. Det var mykje latter og lett stemning då møteleiar skulle intervjue både dagleg leiar for Radio Sunnmøre, Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, og styreleiar, Arnstein Rødset.

Elkana, kor frå Godøya, hadde to avdelingar med sterke tekstar og vakker song. Dagleg leiar for radioen, Vartdal Espelund, delte om radioarbeidet og delte eit ord til ettertanke på slutten. Kvelden gav ei fin kollekt på kr. 23650,- til radioarbeidet. Tusen takk for ein nydeleg kveld og ei fin gåve til radioen.

Dersom det er andre stadar som ynskjer å arrangere radioettermiddag/kveld, så kjem Radio Sunnmøre gjerne på besøk:)