I dette programmet får du bli med til India, og møte igjen Kirti. For 2 år sidan delte Åpne Dører hennar historie, og no er det tid for å gi ei oppdatering. Kirti opplevde å miste ektemannen i forfølging; sjølv blei ho slått helselaus og var ute av stand til å forsørge barna. Dei blei plassert på barneheim, og Kirti måtte forlate heimstaden. I dag er ho tilbake i landsbyen, og gjenforeina med dei fire barna sine. Ho har omsorg både for dei og svigerforeldra, og legg ikkje skjul på at det er tøft. «Nokre gongar blir eg motlaus, likevel takkar eg Gud for at han hjelper oss i alt», er Kirtis vitnesbyrd. Mange i landsbyen har kome til tru, noko ho ser på som eit stort bønesvar etter all tid ho har brukt i bøn under nedstengninga. I programmet får du elles høyre om situasjonen for kristne i India. Den har gradvis blitt tøffare, og landet leiast no av ei regjering som ønsker at Hinduismen skal være det som samlar landet: éin religion, éin kultur og eitt språk. Det seier seg sjølv at det er liten plass for kristne og andre trusminoritetar. Halvvegs i programmet får du høyre Ingelin & Hildegunn Garnes Reigstad synge «Ingen er så trygg i fare.»