Illustrasjonsbilde Radioprogr SentralAsiaI vekas program frå Åpne Dører tek Olaug Lillian Bjørke deg med til Sentral Asia. Også her har vi forfulgte brødre og søstre som treng vår omsorg og støtte. Det er nemleg ikkje enkelt å vere ein kristen i Sentral Asia. Det blir forventa at alle er muslimar. Å tilhøyre ein annan religion er det same som å forråde sin nasjonale identitet.
Åpne Dører har arbeid i Sentral Asia, og i programmet er det særleg fokus på litteraturarbeidet. Du får også høyre vitnesbyrdet til Pastor Amin. Trass stor motstand og med overhengande fare for sitt eige liv, har han bestemt seg: «Eg vil ikkje gøyme meg» Han vil frimodig vitne om Jesus i sitt sentral-asiatiske land , uansett kva det måtte koste.