Karl Arne Austnes er aktivt med i Godøy forsamling.

Kvart år avgjer Godøy forsamling på Godøy bedehus kva for eit misjonsprosjekt dei ynskjer å fokusere på. I løpet av året gjev dei kollekt på møta, og i tillegg har dei enkelte arrangement som til dømes eit misjonsløp, som alt i alt går til det misjonsprosjektet forsamlinga har gått saman om å støtte det året.

I år er det Radio Sunnmøre og IMF Ung Sunnmøre som får æra av å vere misjonsprosjektet, noko som er stor stas og viktige satsningsområde innanfor misjon.

Karl-Arne Austnes i Godøy forsamling har blitt intervjua av Radio Sunnmøre om årets misjonsprosjekt og kvifor forsamlinga gjer det på denne måten når dei samlar inn kollekt årleg. Høyr intervjuet HER.