Sidan 2018 har ekteparet Kåre Slaathaug (83) og Mickey Bambrick komt til Noreg for å guide på Waldehuset tre dagar i veka i tre månader. Slaathaug er utvandra nordmann til USA då han var 9 år gamal, og mor til Mickey er norsk. Dei møttes i USA og forlova seg nyårsafta i Noreg i 1990. I år har dei vore gift i 35 år. Når Kåre får brunost og sveler på tunga, då kjem det norske språket med ein gong, fortel han til Radio Sunnmøre med eit smil.
På Waldehuset guider han på norsk og Mickey på engelsk. Og dei dagane dei har ope er det omla 300 personar innom for å høyre mirakelhistoria. Waldehuset er det einaste huset som overlevde bybrannen i Ålesund, og mannen i huset overlevde fordi han høyrde på Gud som sa han skulle vere i huset og ikkje røme når brannen kom. Ekteparet fortel at reaksjonane på mirakelhistoria frå Waldehuset gir ulike reaksjonar på publikum. Nokre får gåsehud, andre blir glade, og nokre blir sinte. – Men dei fleste tek det i mot veldig sterkt, fortel Kåre Slaathaug.
-Vi elsker denne historia, og vi trur det er viktig å fortelle andre kva Gud har gjort her. Det er veldig viktig fordi vi er kristne. Og vi elsker, elsker, elsker å gjere det, seier Mickey Bambrick om kvifor dei kjem til Norge kvart år for å guide i Waldehuset gratis.
-Eg trur Gud var her, seier Mickey Bambrick. Eg trur dette er ein veg for å fortelle om Guds arbeid, og det er viktig for meg å dele mi tru med andre, derfor er det viktig for meg å vere her, seier Bambrick.
Bambrick er forfattar og har skrive ned historia til Waldehuset. Det er no i gong ein prosess med å få historia på filmlerretet. Det blir ein skikkeleg Hollywood film i fylgje Bambrick, og neste år vil dei vite meir om når filmen blir laga og klar for publikum.

