Eyvind Volle er ein av dei frivillige som møter tilreisande sjømenn for Norway seaman`s mission i Ålesund i sommar.

Norway Seaman`s mission har i sommar open ein internettkafe i Ålesund for alle dei tusen som er mannskap på cruiseskipa som legg til hamn på sommarstid. Eyvind Volle frå Sula er ein av dei frivillige som er med i dette velferdsarbeidet.

Tilbodet er så enkelt at nordmenn ikkje ville sett to gongar på det, men dei utenlandske sjømenna er svært takksame for eit slikt tilbod, fortel Volle i eit intervju med Radio Sunnmøre.

Høyre intervjuet her: