14022080_10157275250340527_6981308326583189081_nLaurdag vert det haustmesse på Årseth bedehus på Ellingsøya for fyrste gong. Det er i anledning at bedehuset feirer 50 år i år.

– Bedehuset hadde ei slunken kasse, og i tillegg feira vi femti år i år. Så då kom vi på at vi skulle arrangere ei haustmesse, fortel Oddbjørg Bjørge.

Kvar måndag i vinter og vår har damer i alle aldre møttes på bedehuset til hobbykveldar. Strikking, scrapbooking, baking og mykje anna har stått på plakaten. Laurdag 17. september kan folk gle seg til både kafé, loddsal, katta i sekken, sal av handarbeid og eit loppishjørne.

Høyr intervjuet med Oddbjør Bjørge her: