I samband med Skuleskipet Gann sitt «Gospelcruise» til Nordkapp vil MS Gann ligge til kai i Ålesund Onsdag 21. juni. Plussreiser står som arrangør av cruiset som vart fulltegna på kort tid.

Dagleg leiar i Plussreiser, Aud Kindervåg Halsne opplevde stor pågang når dei for første gang arrangerte Gospelcruise i Norge.  I staden for karibien velger vi det flotte landet vårt og det var populært. Dei 240 plassane var utsolgt før jul og over 70 stod på venteliste, fortel Kinervåg Halsne.

Om bord i skipet er det gode svenske gospelartistar, som  Emilia Lindberg, ein ung svensk country-/gospelartist som formidlar evangeliet sterkt og kvalitetsmessig i songen. Ho er for tida ei av dei mest etterspurte og populære kristne songarane i Sverige. I tillegg vil Roland Lundgren, Niclas Petersen og Tor Rødset med band vere med på konserten. Roland er vel kjend frå duoen Curt og Roland. Roland har sunge mykje på konsertar og møter i Norge, og i den siste tida saman med Niclas, sonen til Curt. Dei harmonerar veldig bra saman, og har sunge seg inn i mange sine hjarte med deira kvardagslege og enkle stil.

På onsdag 21.juni vil MS Gann ligge til kai i Ålesund og folk er velkomen ombord. På kvelden blir det arrangert gospelkonsert i Valderøy Bedehus med fri entré.