Ein god porsjon ris og bøner servert på plastfat, som kan for mange vere dagens fyrste måltid, blir teke imot med andakt. Ein familie med huset fullstendig tomt for mat, med takksemd i blikket når besøket kjem med mjøl, sukker og olje så dei får mat i dei neste 2-3 vekene. 

Dette er noko av det NSP Aid får vere med på i sitt bistandsarbeid i Kenya og Etiopa, gi hjelp og håp i ein svært tøff kvardag for svært mange menneske.

I vekas program får du høyre Elisabeth Emblem fortelje meir frå arbeidet til NSP Aid.