-Det er det som gjer fellesskapet så godt, at vi har same livssyn og same trua. Difor er vi veldig mykje saman i kristent arbeid og alt vi engasjerer oss i, fortel Are Bakke om seg og kona Margrethe.

Are Bakke held andaktene i Ord til ettertanke denne veka. Han er styreleiar i Radio Sunnmøre, og har vore med i radioarbeidet heilt i frå starten i 1984.

I andaktene skildrar han både frå turar og hendingar han har opplevd saman med kona Margrethe.