For tida arbeidar Plussreiser med å flytte på og kansellere planlagte turar, sidan opning av landet ikkje vart slik ein håpa på. 

For 2021 har Plussreiser gått ut med ein Trygghetsgaranti på turar utan flyreiser, som gjer at ein kan melde seg av ein tur seks veker før avreise utan å tape ei krone. På denne måten håpar dagleg leiar Aud Kindervåg Halsne at fleire vil melde seg på turane dei no planlegg i Noreg.

-Eg veit at lysta er der for å reise, for det er svært mange som tek kontakt. Så det vil nok vere ei gradvis tilvenning til det nye reiselivet, fortel dagleg leiar Kindervåg Halsne om tida som kjem når Noreg opnar gradvis opp igjen. Høyr heile intervjuet her på Radio Sunnmøre.