Håp i ei gryte gir Frelsesaremeen i Ålesund når dei torsdag inviterer til førjulskonsert. Det gjer dei også når dei i desember samlar inn pengar i julegrytene til eit av byen sine viktige rusførebyggande tiltak på Varmestua og Stedet i Ålesund. 

Åse Berg Grønvik, leiar for Frelsesarmeen i Ålesund, fortel i eit intervju at dei har stort behov for frivillege grytevakter i desember, og håpar at det er nokon som har moglegheit å sette av ein time eller to i førjulstida.

Frelsesarmeen sin eigen hornmusikk skal også delta under julegrantenninga på St. Olavsplass i Ålesund førstkomande søndag.