Rett før korona lukka Noreg og gjorde at det ikkje var mogleg å halde ulike arrangement, så kom Gunnar Hamnøy tilbake frå Kenya og var med på å opne den fyrste barnelandsbyen i regi av NSP Aid. No har Noreg opna opp igjen og Hamnøy får på ny arrangere Håps -konsert der han skal få fortelje om siste nytt frå arbeidet. I tillegg er det fleire artistar som skal vere med på Gomerhuset fredag som kjem.

Høyr intervjuet med Gunnar Hamnøy på Radio Sunnmøre.