I vekas mediekommentar frå Tro & Medier er det Alexis Lundh, leiar for heltfri.net, som delar sine tankar.

-La oss ha Jesus som førebilete! Jesus viste inderleg medfølelse i møte med menneske og
unngjekk på ingen måte deira smerte. I dette oppstår kjærleik som vil forme korleis vi
møter menneske. Å tru er i langt større grad kva eg gjer enn kva eg seier. Å møte
menneska sin smerte er ikkje å retusjere eller omskrive evangeliet. Juni og Pride kan vere
krevjande for mange. Denne radikale ideologien handlar om menneske og deira erfaringar,
det må eg ta på alvor. Men dette bleikar i kontrast til det evangeliet eg er satt til å
proklamere. Det er ekstremt radikalt og rører ved alle områder av livet. Derfor er kristne
særleg oppteken av identitet, seksualitet og menneskeverd – det er sentrale spørsmål knytta
til vår eksistens. Dette utfordrar meg som kristen og oss som kyrkje. Vi bør våge oss ut på tynn
is og djupt vatn, først og fremst i relasjonar, ikkje i kommentarfeltet. La dette bli ei utfordring til
oss som kristne; å formidle ei betre historie om kroppen, intimiteten og om lengselen etter
å bli elska, ikkje berre i juni, men heile året, avsluttar Lundh i vekas kommentar.

Høyr heile mediekommentaren på Radio Sunnmøre.