I dette programmet er det fokus på Åpne Dørers skriveteneste. Du får høyre om korleis du på ein enkel måte kan vise at du bryr deg om forfulgte søsken, gjennom å sende dei ei oppmuntrande helsing.

Ein av desse er Ahok fra Indonesia. Han tilhøyrer det kristne mindretalet i landet, og var tidlegare guvernør i Jakarta. Like etter at Ahok tapte årets val, vart han dømt til 2 års fengsel for blasfemi. Ein tale han heldt i 2016, hadde blitt redigert og spreidd på sosiale medier. Det redigerte innhaldet førte til at han blei skulda for å ha krenka islam. Med omsyn til Jakartas innbyggjarar og freden i området valde Ahok å ikkje anke domen.

Vil du vere til oppmuntring for Ahok? Skriv ei helsing til han i dag, og send den til Åpne Dører, Tangen 11, 4608 Kristiansand. Slik kan Ahok erfare at han ikkje står åleine, og at det er nokon som hugsar på han der han sit fengsla for trua si.

I programmet får du elles lytte til Hildegunn og Ingelin Garnes Reigstad som syng «Jesus er med deg».