Arne Nordbø heldt showet Et himla liv på bedehuset under generalforsamlinga til Indremisjonsforbundet i sommar.

Arne Nordbø heldt showet Et himla liv på bedehuset under generalforsamlinga til Indremisjonsforbundet i sommar.

Det var gjennom humor at Arne Nordbø formidla og kommuniserte i ungdommen, og det har han teke vidare og i dag lev han av det å kunne halde foredrag og show med mykje humor. Et himla liv på bedehuset er eit av showa han har halde, og i sommar var han med på generalforsamlinga til Indremisjonsforbundet med showet sitt. Showet blir svært godt motteke i kristne samanhenger, sjølv om han harselerer litt med måten ting har blitt gjort på bedehuset opp igjennom.

– Det var ein gong to koner som reiste seg opp og gjekk ut. Det skjer veldig sjelden, men det skjedde akkurat då. Etter på møtte eg ein eldre misjonsleiar. Eg sa då at eg håpte dei ikkje var fornærma. Då sa han at ein treng ikkje ha humor sjølv om ein er ein kristen, fortel Arne Nordbø og smiler godt av hendinga.

Humor i motbakkar

Nordbø trur han sjølv er ein person som på mange måtar kunne tatt seg sjølv svært høgtideleg, og at Gud derfor har gitt han humoren som verktøy slik at han ikkje gjer det. Han har alltid vore ein kristen og vore med i kristne miljø heilt frå han var liten gut. Då Nordbø var rundt førti år gamal møtte han motbakkar der også humoren har vore til hjelp.

– Eg har sjølvsagt møtt motbakkar. Eg måtte slutte i ein jobb eg likte godt, eg var på og av med sjukemeldingar og ville ikkje gje opp. Då eg mista alt eg trudde at eg kunne, eg var elektrikar og hadde noko personalansvar, då datt livet meir eller mindre i saman. Det einaste eg såg føre meg var ei uføreløn og eg var berre rundt førti år, fortel NOrbø.

– Eigentleg fekk eg eit bedre liv etterpå. Då bror min, Toralf Nordbø, skulle sette opp ein revy fekk eg vere med på den. Og etter det har eg fått leve av det å vere underhaldar, samtidig som eg tok lærarutdanning. Og i dag arbeidar eg som lærar på skuleskipet Gann, seier Nordbø.

Det er ganske absurd, meiner Nordbø, at det vart humor han skulle leve av når han var så trist, sliten og lei som han var. Men opp i alt ser han kva muligheter som har kome i etterkant.

– Dette har gitt meg fantastiske muligheter og nettverk rundt forbi, og eit liv som har vorte mykje meir interessant enn deteinaste eg trudde eg kunne då eg sat med ein god og trygge jobb, fortel Nordbø.

Høyr heile intervjuet med Arne Nordbø her: