Dei siste åra har Åpne Dører gått i 8.mars-tog, under fanen «Trusfridom for verdas kvinner». På sjølvaste kvinnedagen vert forfølgde kvinner sin situasjon lyfta opp i det offentlege rom; og ein let opp munnen for den som ikkje sjølv kan tale. I Oslo stilte rundt 250 personar seg bak Åpne Dører si fane, og mange av desse var frå JesusKvinner. I dagens program får du møte ei av desse; Jorun Godø. Ho bur i Ålesund og har vore engasjert i JesusKvinner heilt frå starten, både lokalt og etter kvart også nasjonalt. I samtale med Olaug Lillian Bjørke deler Jorun frå hjartet, både når det gjelder JesusKvinner og engasjementet for forfølgde trussøstre. I 8.mars-toget heldt Jorun ein plakat med bilete av Leah (16) – ei av våre dyrebare, nigerianske søstre som sit i fangenskap hos Boko Haram, berre fordi ho ikkje vil fornekte trua si på Jesus. Leah er eit ansikt blant dei mange millionar kvinner som lid for si tru. Det er nettopp desse kvinnene Åpne Dører ynskjer å lyfte opp – også på ein dag som 8.mars. Lytt til programmet og høyr korleis Jorun Godø opplevde denne spesielle dagen i Oslo.