Margunn og Lars. Foto Linda TorkelsenTil hausten er det klart for årets tur med Radio Sunnmøre. I år går turen til Oxford og London, med temaet I C. S. Lewis sine fotspor, torsdag 8. – mandag 12. september. Det vert avreise og ankomst på Vigra, og det blir eit rikt og innhaldsrikt program, og ei oppleving du sjeldan har opplevd.

Reiseleiarane er Margunn Serigstad Dahle og Lars Dahle blir med som reiseleiarar saman med dagleg leiar for Radio Sunnmøre Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

Margunn Serigstad Dahle er leiar for Kommunikasjon – og livssynsstudiet på NLA Mediehøgskolen Gimlekollen, og Lars Dahle er prorektor ved NLA Høgskolen. Lars er i tillegg leiar fro Damaris Norge AS, som formidlar populærkulturen og trusformidling via bøker, film og tv-serier. Dei er begge mykje brukt innan trusformidling og kommunikasjon både i sekulære og kristne miljø, og har svært god kjennskap både til Oxford og C. S. Lewis.

Ein tur med påfyll og inspirasjon kan ein trygt sei at det blir. Ein vil få undervisning kvar morgon i frå Lewis sin litteratur og i løpet av ein heil dag i Oxford vil ein får bli endå betre kjend med Lewis som forfattar. Vi skal besøke Magdalen College (der Lewis var lærar), gå Addisons Walk ( derTolkien (forfattar bak Ringenes Herre) og Lewis (skreiv blant anna Narnia) hadde avgjerande samtalar når det gjaldt Lewis sin veg til kristen tru), besøk på stampuben Eagle and Child (der forfattarklubben The Inklings haldt til og diskuterte manus til bla. a Narnia og Ringenes Herre), besøke Lewis sin heim og den verdenskjende bokhandelen The Blackwell.

Turist i London får ein også muligheit til når laurdagen kjem. Denne dagen kan brukast til fri disposisjon i London, eller ein kan velge å vere med på ulike aktivitetar. Og søndag besøker vi All Souls Church i enden av Oxford Street.

Mandag blir det avreise med direktefly til Ålesund, eller Oslo.

Dette er ein tur i samarbeid med Si-Reiser, du finn heile turen i den nyaste katalogen på side 43.

Her kan du høyre intervju med Lars Dahle: