I dette programmet tek Olaug Lillian Bjørke deg med til Sri Lanka. Gjennom Åpne Dørers medarbeidar Tala får du besøke ein av familiane som vart hardt ramma av terroren 1.påskedag. Du får eit sterkt møte med ein pappa som har opplevd å miste sin einaste son: «Jackson var sonen min i 13 år, men han er Guds barn for evig.» Trass i sorg og smerte, set Arasaratnam all si lit til Gud: «Gud er god! Han er den største. Fundamentet eg står på, er Jesus. Sjølv er eg ingenting – Jesus er mitt alt.» Tala var også tilstade på gudstenesta i Zion Church to veker etter angrepet som frårøva 29 menneske livet, av desse 14 barn. Pastoren tala ut frå teksten om Daniel sine vener i ildovnen.Så spurte han kyrkjelyden: «Kvifor må vi gå gjennom denne ilden? Akkurat no forstår vi kanskje ikkje kvifor, men Gud er i ilden saman med oss. Han er med oss i lidinga. Han vandrar saman med oss og gret ilag med oss.». I programmet får du elles høyre Reflex synge påskedagssongen «Denne dagen er din».